Måndagstrim

Måndagstrim i gymsalen er avslutta for sesongen.

F.o.m. måndag 1. juni satsar vi på felles gåturar kvar måndag og torsdag med oppmøte på krysset kl 18:30. Det er ikkje lagt opp til at nokon er leiar. Dei som kan, møter opp, og så ser vi kva vi gjer dette til. Lokefjellet er eitt alternativ. Kan vi lære kvarandre andre fine turar i lokalområdet? Kanskje får vi også lurt inn nokre styrkeøvingar undervegs?