«Purring» på betaling av medlemskontingent

Minner med dette om betaling av medlemskontingent.

Det er fortsatt ein del husstandar som ikkje har fenge betalingsblankett.

Medlemskontingenten kan betalas på vanlig måte med nettgiro, til kontonummer 3108 20 22182. Skriv inn fullt namn og fødselsdato  (dag, mnd, år) i betalingsmeldinga. For familieabonnement, skriv inn fullt namn og fødselsdato for alle i familien. Er du usikker på om du har betalt, ta kontakt med Lyder på tlf 900 24 630, eller Lyder@Naglestadbruk.no så undersøker han nærmare.

Priser

Enkeltmedlem kr 300,-

Familie kr 600,- Barn inngår i familiemedlemskap til og med året for fylte 15 år.

Kvitteringsoblat er gyldig som medlemskort.

Idrettslaget vil på sikt ta i bruk medlemsregisteret på www.minidrett.no for lettare å halde medlemsregisteret oppdatert.

Informasjon i betalinga blir brukt som grunnlag for å registrere medlemmene på minidrett. Dette for å letteregjere medlemsoversikta framover.

Ynskjer du å vere medlem av idrettslaget, men ikkje vil registrerast på min idrett, er det fint om du gjev beskjed om dette i betalingsmeldinga.

Betalingsblankettar finn du elles i Byremo Kulturbygg, ballhallen, eller ta kontakt med nokon i hovudstyret så vil du få dette levert i postkassen.

På førehand mange takk!