Trim

Måndagar er det trening i gymsalen klokka 18:30 – 19:30. Vi har fokus på ulike styrkeøvingar. Tilbodet passar for ungdom og vaksne, kvinner og menn.

Frå Fredag 20 Oktober 2017 startar fribading opp att med symjing kvar veke framover.

Tidspunkt 18.00-19.00 er for foreldre og barn til og med 3. klasse. Tidspunkt 1900-2000 er for barn fra fjerde klasse og oppover.

Onsdagar er det spinning i Byremo kulturbygg klokka 19:00.
Påmelding til spinning skjer via heimesida til idrettslaget – sjekk ut påmelding til spinning/ frå kl 06:00 den aktuelle dagen. Dersom det er færre enn tre påmelde innan klokka 16:00, kan timen bli sletta. Dei som er påmelde vil få melding om eventuell avlysning.

Pris for sesongen 2016/2017 blir kr 700,- (+ medlemskontingent i Grindheim idrettslag).
Betal inn til kontonummer 3108.20.22182. Merk betalinga med spinning og ditt namn.
Har du ikkje prøvd spinning før, er du velkomen til ein gratis prøvetime.